Stryn fotball hadde søndag avslutning for aldersbestemte klassar i Strynehallen. Der vart Jon-Terje Tjellaug, mangeårig spelar og trenar i klubben, overrekt ein ny pris kalla «Henkeprisen».

Prisen er knytt opp mot arbeid innan aldersbestemte klassar, eit arbeid som stod nyleg avdøde Henke Wemby nært.

Tjellaug fekk prisen for sitt mangeårige arbeid på aldersbestemt nivå i fotballgruppa, der han først og fremst har vore oppteken av utvikling av spelarar på alle nivå.

Rørt mottakar

– Dette visste eg ingenting om, fortel Tjellaug til Fjordingen.

– Det var mange fine ord, og det var mykje som gjekk gjennom hovudet mitt då eg fekk prisen. Det er så mange andre som gjer ein fantastisk innsats i klubben, så eg set verkeleg pris på denne utmerkinga.