Det var den 79 år gamle Bjarne Auflem som omkom i brannen i Olden natt til torsdag 16. mars.

Det opplyser politioverbetjent ved Stryn politistasjon, Vidar Stavik, i ei pressemelding fredag.

Brannen vart varsla i 02-tida, natt til torsdag. Då dei første frå brannetaten kom til staden hadde dei to som budde i huset, ein mann og ei kvinne, kome seg ut av huset sjølv. Brannvesenet starta sløkking og livreddande førstehjelp på mannen. Etter om lag ein time, vart mannen stadfesta omkomen.