Både politi og brannvesen rykka ut etter melding om ei trafikkulukke på rv 15 på Strynefjellet fredag morgon. Etter det politiet fekk meldingar om, dreide det seg om ei motorsykkelulykke.

Men politiet såg ingen ulykke.

- Dette skuldast nok ein ulykkesalarm som blir aktivert automatisk frå motorsykkel. Sannsynligvis var dette ein teknisk feil, utan at eg kan forklare dette noko nærare, seier politioverbetjent Tor Egedahl ved Stryn lensmannskontor.