Juli

03. Arkitektfirmaet Worksonland er hyra inn for å utarbeide forslag til korleis Stryn sentrum bør utviklast.

03. Store snømengder i fjellet gjer at Hornindal Rundt berre kan bruke første halvdel av traséen.

07. Kulturdagen på Ulvedal hadde i år temaet ull.

07. Oldenrevyen samla også i år fullt telt under Oldedagane.

07. Tommy Haga vart årets vinnar av Hornindal rundt på tida 9.57.40. Malene Haukøy vann kvinneklassa på 10.44.43.

Vinnar Hornindal Rundt, Tommy Haga, saman med løpssjef Amund Sverre Tomasgard. Foto: Kaia Johnesen Viki

10. Fleire unge vil busette seg på Hjelle i Oppstryn, men hus og tomter manglar.

10. Stryn vil involvere innbyggjarane i kommunesamanslåingsprosessen gjennom innbyggjarundersøking, folkemøte og rådgjevande folkeavrøysting.

21. Minnestaden og informasjonssenteret for tragedien på Utøya 22. juli vert opna. – Ingenting må gøymast eller gløymast, seier Kolbein Fridtun.

21. Per Bolstad heidra med ny CD i høve 140 år sidan han vart fødd.

21. Inge Asbjørn Haugen, Hornindal IL, er klar for sitt 500. maraton på heimebane.

21. Trine Paulsen frå Hornindal med siger i sprangriding for fjordhestar.

28. Mann omkomen etter rib-båt ulukke i Olden.

28. Jofrid Rye Hestenes tildelt prisen Årets Utvikar under Sommardagane i Utvik.

Jofrid Rye Hestenes kåra til Årets Utvikar. Foto: Anne Mari Aalberg

28. Den 20. fiskefestivalen i Oppstryn arrangert i flott fiskevêr.

31. For andre året bur Åse Evebø (57) i telt på Bødalssanden i sommarmånadane.

August

04. Historisk vandreveg over Kamperhamrane offisielt opna.

07. Hotel Alexandra med sin beste juli månad nokon gong med 18.654 gjestedøgn.

07. 160 Saab-eigarar frå store deler av Europa samla til treff i Loen.

07. Jonas Rogne, Stryn skyttarlag, imponerte på Landsskytterstevnet med å bli blant dei fire beste ungdomsskyttarane.

Jonas Rogne fjerde beste skyttar under 20 år på Landsskytterstevnet. Foto: Privat

11. Norges skiskytterforbund med Bø-brørne i spissen samla mykje folk i sentrum på arrangementet Spenning i sikte.

11. Vellukka kulturdagar i Hornindal med karnevalsopptog, bagasjeroms-loppemarknad og frokostbuffet på programmet. Oline Løvlid fekk Frivilligprisen.

11. Friluftsmusikalen Årringar fyllte på nytt amfiet i Sagedammen.

14. Lars Magne Taraldset frå Hornindal tildelt Norway Cup si utmerking for 30 års innsats som dommar i turneringa.

18. Joseph Gray vinnar av årets Skåla Opp. Han vann på tida 1.09.01.

18. Stryn kommune søkjer om rassikring av Årheimsfjellet for busetnaden på Visnes og austover mot Årheim.

21. Maskinkøyrar Terje Edelston fortel om korleis endra livsstil hjalp han til vektreduksjon på 50 kg på sju månader.

Terje Edelston. Foto: Gunnhild Sindre

25. Innbyggjarundersøkinga om kommunesamanslåing i Nordfjord viser at det store fleirtalet berre ønskjer å slå seg saman med ein nabokommune.

28. Møbeldesignar Silje Nesdal frå Innvik vinn prisen Årets nykomar i Bo Bedre Designpris 2015.

September

01. Johanna og Gunnar Nygjerd frå Olden tildelt Kongens fortenestemedalje for sitt lange samfunnsengasjement.

Gunnar og Johanna Nygjerd. Foto: Ove sveen

01. Anders Bruvoll ny rektor ved Stryn vidaregåande skule.

08. Hunden Theo og politibetjent Tor Egedahl frå Stryn til topps i NM for narkotikahundar.

11. Ei større brannøving i Opljostunnelen avdekkar at naudnettet ikkje fungerer i Grasdalen.

11. Tonning barnehage med offisiell opning av det nye bussbarnehagebygget.

Frå opninga av det nye barnehagebygget til Tonning. Foto: Ove Sveen

15. Med den portugiske landslagsspelaren Claudia Correia i spissen, vann Stryn sine handballdamer serieopninga mot Førde.

15. Kulestøtaren Mathias Melheim (16) frå Olden med sølv i ungdomsmeisterskapen.

18. Avtale mellom Høgre, Ap og Venstre sikrar Sven Flo (H) fire nye år i ordførarstolen. Torstein Tvinnereim (V) blir varaordførar.

18. Jon Olav Kvamme (Krf) og Sonja Øvre Flo (H) valde inn på Fylkestinget. Jenny Følling (Sp) frå Gaular blir ny fylkesordførar.

22. Årets oktoberfest i Stryn var utseld både fredag og laurdag.

Ny suksess for Oktoberfesten. Foto: Anne Mari Aalberg

22. Sander Amble Haugen (15) fekk sin landslagsdebut for G15 i privatkampen mot Sverige.

22. Det er klart at Stig Olav Lødemel (H) blir Hornindal sin nye ordførar. Randi Langlo (Ap) blir varaordførar.

25. Berre 15 personar møtte fram då Stryn kommune arrangerte folkemøte om kommunereforma.

29. Stryn sitt herrelag i handball tok sin første siger i 2. divisjon då dei slo Sotra.

29. Miriam Flo (17) vald som leiar for Stryn Ungdomsråd.

Oktober

02. Gravearbeidet på byggjetomta på Hoven er i gang. Avtale mellom Doppelmayr Garaventa og Hoven Loen om levering av pendelbane er signert.

02. Norsk Mottaksdrift har levert tilbod til UDI om å drive asylmottak i Stryn kommune.

06. Strynemessa med ca 18.000 besøkjande og fullsett Strynehall på avslutningskonserten med Vassendgutane.

Frå årets Strynemesse. Foto: Gunnhild Sindre

06. Hornindal Rundt får status som historias første NM i terrengultra.

09. Musikar, dirigent og komponist Helge Sunde frå Stryn skal lage musikken til ein silde-opera som skal framførast på Opera Nordfjord hausten 2016.

13. Loen Active rapporterer om rekordsesong med 7-8 tusen besøkjande i Via Ferrata og omsetnad på omlag 5,5 millionar.

16. Stryn kommune har inngått 40-års avtale med samtlege 59 grunneigarar om bruksrett til areal for sti- og løypenettet mellom Ullsheim og Stryn Vinterski.

16. Bergen Turlag har fått løyve til å byggje sikringshytte ved Skålatårnet.

20. Sjukepleiar Marte Lønne Ulvedal frå Blakset fortel om sterke inntrykk frå oppdrag i Middelhavet for Leger Uten Grenser. Mange flyktningar har blitt berga.

20. Ytre Suløens jazzensemble, med stryningen David Gald i spissen, fekk det til å svinge i eit fullsett kulturhus saman med tre lokale kor.

20. Vest buss med rekordordre på 121 bussar til Nettbuss.

23. Artisten Mariann Thomassen med plateslepp.« Hype»er hennar første soloplate.

Mariann Thomassen.

27. Tidlegare Sunnmøre Kreditbank, Sunnmørsbanken, Kredittkassen og no Nordea, feirar 50 år i Stryn.

27. Stryn fotball avslutta sesongen med siger mot Kristiansund BK. Dei endar som nummer seks på tabellen.

30. TINE har avgjort å legge ned konsummjølkproduksjonen på Byrkjelo frå 2020.

November

03. Stryn får opplæringskontor for salsfag og kontor og administrasjon.

Torstein Tvinnereim og Anita Vinsrygg er mellom dei som har jobba fram Opplæringskontor til Stryn.

03. Fleire lokale aktørar stod på scena i musikalen Sound of Music i Operahuset Nordfjord. Over 2000 vitja førestillingane.

06. Omlag 150 stilte på kommunen og Norsk Mottaksdrift sitt folkemøte i Vikane, om asylsøkjarane som er venta til bygda.

06. Stryn Vinterski har gjennomført omfattande rydding, planering og tilrettelegging av skitraséen i Steindalen.

10. GRS Riflestocks kåra til Årets gründer i Sogn og Fjordane.

10. Stryn gutar 14 år krinsmeister i fotball etter 4-2 samanlagt mot Florø.

17. Dykkerfirmaet O.E. Hagen gjer det godt og vil i år omsette for 35 millionar.

Dykkerfirmaet O.E. Hagen på oppdrag. Foto: Ove Sveen

17. Frode Bakken tilsett som leiar for Stryn statlege mottak for asylsøkjarar.

17. Gro A. Sørensen vinn 2,7 mill. i Lotto.

20. Stryn kommune innfører frå nyttår røykfri arbeidstid for alle tilsette.

24. Arkitektar i Worksonland presenterte sine planar for framtidas sentrum i Stryn.

24. Suksess for Innvikdagane sitt nye konsept med marknad fordelt på fleire bygg.

27. Mange frå indre Nordfjord deltok i fakkeltoget og markeringa for å behalde akuttkirurgien ved sjukehuset i Volda.

27. HS Bygg skal reise Coop-bygget på Essotomta. Kostnaden er sett til 140 mill.

Desember

01. Arbeidet med rassikring i Gjølmunna i Loen er fullført.

01. Ing. Per Mulelid har laga framlegg til korleis Grodås sentrum skal utviklast.

04. Tidlegare styrar ved husmorskulen i Stryn, Borghild S. Næss, feirar 100 år.

Borghild Næss fylte 100 år i desember. Foto: Inge Fænn

04. Stryn formannskap tilrår at Nordfjord Havn IKS får full råderett over all landbasert cruiseaktivitet i Olden.

04. Forhandlingsutvala i Gloppen, Eid, Stryn og Hornindal seier nei til storkommune.

08. Fjord Helikopter meir enn doblar omsetnaden frå 8 til 19 mill. i 2015.

08. Stryn Turn har 500 medlemmar, men berre ein gymsal som boltreplass.

Turngruppa til Stryn tel til saman 500 medlemmer. Her er det 5. og 6. klassingane som er i aksjon.

11. Innvik Sellgren har inngått partnerskap med danske Kvadrat.

15. Stryn statlege mottak i Innvik har så langt teke imot 50 flyktningar. No inviterer dei til ope hus.

15. Statens vegvesen planlegg parkeringsplass ved Videseter.

18. Utbygginga av Stryn omsorgssenter går inn i sluttfasen. I januar startar innflyttinga i den nye austfløyen.

22. Dansegruppa i Fjelli ungdomslag mottok Stryn kommune sin kulturpris.

22. Sander A. Haugen og Emma N. Sætren mottok Ungdommens kulturstipend.

22. Loen Active tildelt prisen Årets Nyskapar i Stryn og Hornindal.

Nyskapingsprisen gjekk i 2015 til Loen Active.

22. Stryn kommunestyre utsette saka om cruisekai-avtalen mellom Stryn og Nordfjord Havn.

29. Stryn, Hornindal, Ørsta og Volda skal møte kommunalminister Jan Tore Sanner for å diskutere muleg kommunesamanslåing over fylkesgrensa.

29. Dagleg leiar Marita Lindvik har god tru på framtida til Visit Norfjord, tidlegare Reisemål Stryn & Nordfjord.