Etter framlegg frå Eideldreråd er Nordfjord sjukehus i ferd med å etablere eiprøveordning med pasientvertar/sjukehusvertar. Ordninga skal iprøveperioden bli utført av frivillige, einskilde eller medlemmarfrå ulike lag og organisasjonar.

Stadleg leiar ved sjukehuset, ToneHolvik, vonar mange vil melde seg med ynskje om å vere pasientverti dette prøveprosjektet.

Medlemmar av Eid eldreråd, Eidpensjonistlag og Eid frivilligsentral er med i prosjektgruppa samanmed sjukehusleiar og avdelingsleiarar ved Nordfjord sjukehus.Frivilligsentralen skal koordinere rekrutteringa og gjennomføringa.Sjukehuset vil arrangere eit kurs for pasientvertane der mellomanna teieplikt vil bli omhandla.

- Vi er spente på om pasientar vilsjå på ordninga med pasientvertar som noko å satse på vidare, og viskal etter prøveperioden vurdere tilbakemeldingar, seier ToneHolvik.

Ho vonar pasientar og pårørande vil melde tilbake ompasientvert-ordninga når dei har vitja Nordfjord sjukehus. Tilbodeter tenkt å starte i slutten av april/byrjinga av mai.