Norge ligg langt framme i kartlegging, dokumentasjon og beredskap. Det er konklusjonen etter at fagfolk frå fleire EU-land har vitja mellom anna Stryn, saman med folk frå NVE Region Vest.

NVE – Region Vest har brukt nær 60 millionar på sikring av Gjølmunna i Loen og rydding etter flaumane i Utvik og Steindøla på Blakset.

Nettopp desse tre områda var utgangspunktet for synfaringa med EU-ekspertar frå Tyskland, Hellas og ein stor delegasjon frå Portugal. Nærare bestemt Madeira som har opplev store naturkatastrofar i form av jordskred og tap av menneskeliv.

– Det er ikkje lett å lede tankane mot naturkatastrofar med flaum og rasfare når vi skal presentere Stryn i ei så fantastisk ramme som akkurat no. Det verkar ikkje som ei kommune med store utfordringar, seier regiondirektør Brigt Samdal som var guide for fylgjet sist veke.

Det var Direktoratet for beredskap som stod bak turen. Etter eit par dagar på Austlandet, mellom anna med stopp på Kvam kom fylgjet til Stryn.

– Stryn kan by på det meste både av flaum og fjellskred. Vi starta med Ramnefjellet og Håkon Loen som guide, og orientering om kva som vert gjort for å sikre mot fjellskred. Vi var også i Strynevassdraget med miljøvernleiar Odd Rønningen for å sjå kva NVE har gjort mellom anna med utbetring av løkar med tanke på sikring av fiske og fugleliv, seier Samdal.

Tre store prosjekt

– Det er hyggeleg når vi får positive tilbakemeldingar, sa Samdal etter at det fall fleire kommentarar frå Utvik, om at det er eit stort arbeid som er lagt ned etter flaumen i fjor.

Sluttsummen i Utvik for NVE sin del ligg kring 30 millionar, talet for Gjølmunna er 16 millionar og Steindøla vel 12 millionar.

Dei har inga god forklaring på dei store nedbørsmengdene som utløyste dei store flaumane i Utvik og Blakset på 25. juli og 27. juli med seks års mellomrom akkurat i dette området. Dei ligg på same linje, og nedbøren kom på eit svært konsentrert område, men det blir arbeidt med spørsmålet.

Nyttig møte

– Det har vore nyttige dagar med utveksling av informasjon og kva problem som finst i dei ulike landa. Vi har hatt gode faglege diskusjonar. Hovudinntrykket er at vi er ulikt organisert. Det var litt overraskande for dei tilreisande når eg fortalde at vi er tidleg ute med råd og rettleiing, og at vi kjem raskt i gang med å rekvirere hjelp. Her har dei nok ein del å hente, men for oss er dette svært viktig med tanke på å redusere skadeomfanget, seier han.

NVE – Region Vest femner Hordaland, Sogn og Fjordane og store deler av Møre og Romsdal, og det er ikkje berre Stryn som kan vise til store prosjekt der NVE er tungt inne. Det nærmar seg overlevering i Odda og Granvin, og Samdal rosar regjeringa for viljen til å gå inn med løyvingar ved store naturkatastrofar.

Arbeid att i Utvik

Oppryddingsarbeidet går framleis for fullt i Utvik. Gjestene fekk sjå både arbeidet med å legge ny jord der elva sopte bærhagane på sjøen, og korleis dei sikrar elveløpa.

Når det gjeld brua på fylkesveg 60 nede ved sjøen, har det blitt ein diskusjon om korleis brua skal byggjast og framtida for verneverdige bygningar.

– Dette er ei sak for Vegvesenet og ikkje for oss, seier Samdal.

– Vi har lagt føring for kor stor opning det skal vere for vatnet, og så blir det opp til dei og fastlegge høgde og lengde på brua, seier han.

Helle flokken av EU-ekspertar samla i Utvik. Foto: Inge Fænn
Seniorrådgjevar i NVE, Erling Kvernevik, inne i den øydelagde kraftstasjonen. Foto: Inge Fænn
Gjølmunna i Loen er eit godt døme på rassikring. Foto: Inge Fænn
Ikkje så mykje som minner om flaum når ein ser mot Steindøla i dag. Foto: Inge Fænn
Her er gjort godt arbeid, seier regiondiretør Brigt Samdal under synfaringa på Bruland. Foto: Inge Fænn
Fylkesveg 60 gjennom Utvik fekk store skader etter flaumen i fjor. Foto: Bengt Flaten
I dag renn elva roleg ned mot Utvik. Foto: Inge Fænn