Lena Lunde Vinsrygg var Stryn sin representant på nettverkssamlinga i Loen. Bak står to «veteranar» i ungdomsarbeidet på fylkesplan, Arne Hjelle Strand (t.v.) og Ørjan Fjellkårstad. Foto: Harald Vartdal

- Dersom denne forsamlinga er representativ for ungdomen i Sogn og Fjordane, er det ingen fare for rekrutteringa til fylkespolitikken, seier Ørjan Fjellkårstad til Fjordingen

Paul Joakim Sandøy leia kurset i møte-, tale og debatteknikk.

– Det er ein myte at ungdomen ikkje engasjerer seg, slår han fast.

Lena Lund Vinsrygg (14) representerte Stryn ungdomsråd på nettverkssamlinga i Loen. Ho rosar kuset og opplegget, men legg heller ikkje skjul på at det er tøft å ta ordet når så mange ser og høyrer på.

- Det var heilt forferdeleg å stå framfor ei så stor forsamling, smiler Lena.

- Ja, og av den grunn er dette kurset veldig viktig, understrekar Ørjan Fjellkårstad.

- Kva var tema for debatten?

- Heilt upolitiske ting. Eitt tema var t.d. mjuke eller harde pakkar. Poenget med kurset er å lære seg tale og debatteknikk, så får den politiske bodskapen kome seinare.

Lena Lunde Vingsrygg er inne i sitt første år som medlem av Ungdommens kommunestyre i Stryn.

- Det er spennande å vere med og arbeide for eit godt ungdomsmiljø. Tidlegare var det vaksne som sat i styret, men det betre at vi unge engasjerer oss. Det er trass alt vi som veit best «kvar skoen trykkjer», seier Lena Lunde Vinsrygg.

Arne Hjelle Strand er saman med Ørjan Fjellkårstad i Ungdomspolitisk utval. Han ser behovet for samlingar der ungdom frå heile fylket møtest og deler erfaringar.

- Dette er ein viktig møteplass. Veldig bra at så mange kjem saman og engasjerer seg til ungdomen sitt beste, sluttar Arne Hjelle Strand.