Fjord1-konsernet fekk eit resultat på 212 millionar kroner før skatt i 2015.

Ifølgje ei pressemelding frå Fjord1 er resultatet meir enn ei dobling sett opp imot 2014. Konsernet peiker på fallande oljepris, lågare finanskostnader, auka kostnadskontroll og betre innhenting på kontraktane som nokre av årsakene til forbetringa.

– Det er gledeleg å levere eit slikt resultat og dermed rigge selskapet for det grøne skiftet, seier konstituert administrerande direktør André Høyset i pressemeldinga.

Fjord1 frakta 20,7 millionar passasjerar og 10 millionar køyretøy i 2015.