Det tradisjonsrike Rypeskarrennet har start på Utvikfjellet, og byr på ei spektakulær naturoppleving på påskeafta.

Det 23 kilometer lange turrennet har vore arrangert heilt sidan 1979. Rennet har både konkurranseklassar og turistklasse. Odd-Bjørn Hjelmeset er «kongen av Rypeskarrennet», som går i heimkommunen hans. I fjor var det Gøran Tefre og Karoline Erdal, begge frå Førde IL, som fekk bestetidene i dame- og herreklassen. Nytt av året er at konkurranseklassen går i fristil.

– Det er eit ynskje frå krinsen med fleire at fleire turrenn går i fristil. Vi har "heile fjellet" til disposisjon, så det skulle ikkje stå på trange løyper. Vi har hatt fristil eit par gongar tidlegare òg. Det blir sjølvsagt lagt spor for klassisk i tillegg, seier Astrid Fjellestad Hauge frå skigruppa i arrangørklubbenFjellhug/Vereide.