Mange nyttar kuldeperioden til å lage islykter. Du kan bruke bøtter/boksar i forskjellig storleik, men endå enklare er det å bruke ballongar. Ei av dei som har laga seg ballongislykter er Hege Heggheim Ulvedal på Ulvedal.

- Eg har brukt oppskrifta til Moseplassen (klikk på linken, så kjem du til oppskrifta). Det var nok litt kaldare enn eg hadde berekna, for nokre av dei blei for smale opningar i til å ha lys i. Dei sette eg i ein sirkel og plasserte eit lys i midten, fortel ho.