Intensjonsavtale Samanslåing av Hornindal, Stryn og Volda kommunar

Innleiing

Hornindal, Stryn og Volda kommunar tek sikte på å slå seg saman til ein kommune frå 01.01.2020. Det er kommunestyra i kommunane som gjer vedtak om kommunane skal slå seg saman eller ikkje.

Måla for reforma er gode og likeverdige tenester til innbyggarane, ei heilskapleg og samordna samfunnsutvikling, kommunar som er bærekraftige og økonomisk robuste og eit styrka lokaldemokrati.

Verdiar og mål

Arbeidet med ein ny felles kommune skal vere prega av openheit, tillit, rausheit og likeverd. Ein vil tenkje felles muligheiter, kva vi kan bli betre på, korleis skape vekst og velstand, basert på ein framtidsvisjon om levande bygder og eit sterkt felles regionsenter.

Volda, Stryn og Hornindal kommunar er ulike, men likevel likeverdige. Den nye kommunen skal etablerast, driftast og vidareutviklast med utgangspunkt i kvar av dei gamle kommunane sine tradisjonar og identitetar, fortrinn og ufordringar. Struktur, organisasjonskultur og system skal vektleggjast, og utvikling av nærdemokrati skal gjevast høg prioritet.

Vi er samde om at hovudmålet med samanslåinga er å:

  • Ta ein posisjon for vekstkraft og utvikling i ein større region

  • Sikre gode tenester med høg kvalitet for innbyggarane

  • Attraktiv lokaliseringsstad for næringsverksemd og sentrale tenester.

  • Sterkare gjennomslagskraft utad

  • Vere ein utviklingsaktør

Delmåla er å:

  • Skipe ein vekstkraftig og attraktiv ny kommune

  • Legge til rette for samfunnsutvikling og skape attraktive bu-, arbeids- og fritidsområde i alle deler av kommunen.

  • Styrke folkevald styring, brei deltaking og involvering

  • Byggje ein kompetent, effektiv og attraktiv kommuneorganisasjon med gode fagmiljø

  • Byggje på dagens kommunar sine identitetar og styrker innan reiseliv, anna næringsverksemd, utdanning, helse, språk og kulturarv, for å gje dette større kraft i regional samanheng

  • Løyse strategiske oppgåver og prøve ut nye modellar for tenesteyting og samfunnsutvikling i partnarskap med t.d. sjukehus, vidaregåande skular, Høgskulen i Volda, NAV og næringslivet.

Samfunnsutvikling

Det skal vere ei overordna målsetjing å realisere lokalsamfunna sine behov og interesser, samstundes sjå desse i regional samanheng og vere konkurransedyktig i landsdel og landet.

Arbeide målretta for dei vidaregåande skulane i Stryn og Volda slik at dagens struktur vert vidareført og at det blir lagt til rette for vidareutvikling knytt til lokale og regionale nærings- og samfunnsbehov.

Arbeide for at Volda sjukehus vert vidareutvikla som eit velfungerande lokalsjukehus med gode akuttfunksjonar, herunder akuttkirurgisk beredskap og fødeavdeling for regionen.

Utvikle samarbeidet med høgskulen og næringslivet og støtte høgskulen i arbeidet med å styrke utdanning og forsking knytt til nasjonale og regionale behov; spesielt nynorsk, nytt bygg for medie- og kultur og kulturnæringspark  og stimulere til innovasjon og kommersialisering.

Det skal vere ei overordna prioritering å byggje ut gode kommunikasjonstilbod innanfor den nye kommunen. Det skal arbeidast for løysingar som gjer den nye kommunen til ein reell felles bu og arbeidsregion.

Breibandstilbod og mobildekning må sikrast for folk og arbeidsliv i alle deler av kommunen.

Kommunen skal vere ein pådrivar for utbygging av følgjande prosjekt:

  •          Realisering av E39 i samsvar med føreliggande planar

  • RV 15, Strynefjellsvegen

  • FV 60 Grodås – Møre grense

I framtidig arealplanlegging skal det leggast til rette for vekst og utvikling i dei ulike sentera.

Betre tenester

Vi er samde om å ha kostnadseffektive tenester ut frå tilgjengelege økonomiske ressursar.

  • Utvikle desentraliserte tenestetilbod som skular, sjukeheimar, helse, herunder legeteneste, barnehagar, tekniske tenester, brannberedskap og kulturtilbod der dei er no

  • Austefjord skal inngå i opptaksområdet til Hornindal skule

  • Vere ein aktiv samfunns- og næringsutviklar og etablere møteplassar, partnarskap og samhandling

  • Vere ein utviklande og attraktiv arbeidsplass for dei tilsette i eit styrka fagmiljø

  • Rekruttere dyktige medarbeidarar inn i ein samla kompetanseorganisasjon

  • Vere på høgde med den digitale utviklinga

Nye oppgåver

Vi er samde om å sikre at den nye kommunen er i stand til å ta på seg nye oppgåver frå sentral og regional stat og frå fylkeskommunen. Første prioritet har oppgåver som kan leggast inn i eksisterande organisasjon og som er tenlege for innbyggarane. Det må følgje resursar med.

Prinsipp for politisk styring

Vi er samde om at den nye kommunen skal bygge på formannskapsmodellen etter KL. § 8 som styringsform.

Kommunestyret skal ha minimum 37 medlemmer, dette vert nærare fastlagd av Fellesnemnda.

Fellesnemnda skal vurdere ulike demokratiske modellar for å møte behova for deltaking i ei større geografisk eining. Fellesnemnda tek avgjerd om korleis ein elles skal utforme den politiske organiseringa, mellom anna gjere vurderingar knytt til oppretting av kommunedelsutval etter Kommunelova sin § 12. Herunder skal Fellesnemnda også gjere vurderingar knytt til direkte val av medlemmar til kommunedelsutvala (Kommunelova § 12.2).

Kommunesenter og administrativ fordeling

Vi er samde om at kommunesenteret blir lagt til Volda.

Vi er og samde om at kommunesenteret bør innehalde det strategiske leiingsnivået og administrative støttefunksjonar knytt til dette.

Kommunale administrative arbeidsplassar skal så langt det er praktisk mogleg fordelast etter folketal. For å få til dette vert områdeorganisering lagt til grunn som prinsipp.

Dei tidlegare kommunesentra skal stimulerast gjennom å vere lokale knutepunkt ved bruk av servicetorg, og plassering av publikumsretta og andre tenester som det er naturleg ligg desentraliserte. Ein skal ha representasjon knytt til NAV og sosiale tenester i dei tidlegare kommunane. Omsynet til kompetansebygging bør i stor utstrekning byggje på å samle spesialiserte fagmiljø (t.d PPT og barnevern).

Ved framtidig administrativ effektivisering vil vi søkje å balansere effekten.

Fellesnemnda (FN – jfr. inndelingslova § 26) har ansvar for å styre og følgje opp samanslåingsprosessen i perioden – herunder politisk og administrativ organisering -  frå det er gjort vedtak og fram til samanslåinga vert sett i verk. Det operative arbeidet skal utførast av ein prosjektorganisasjon og vere beskrive i ein prosjektplan. Politikarar, administrasjon og tillitsvalde skal ha definerte roller i prosjektorganisasjonen.  Intensjonane frå denne avtalen skal ligge til grunn for Fellesnemnda sitt arbeid.

Kommunenamn og kommunevåpen

Vi er samde om at kommunenamnet vert Stryn - Volda.

Den nye kommunen skal få nytt kommunevåpen.

Interkommunale selskap/samarbeid

Vi er samde om at Fellesnemnda skal gå gjennom samarbeidet med andre kommunar (som ikkje vert del av den nye kommunen) for å endre vedtekter, kostnadsfordeling m.m. og/eller avvikle/melde oss ut av samarbeidet/ev inngå nye samarbeid.

Målet er at den nye kommunen ivaretek flest mogeleg av oppgåvene sjølv. Vi er difor alt no samde om å avvikle, endre eller rydde samarbeid.

Økonomi

Denne delen av avtalen gjeld frå 01.07.2016 til Fellesnemnda er etablert. Vi er samde om å vise varsemd og berre gjennomføre tiltak som er i samsvar med kommunane si økonomiske bereevne. Vi skal:

  1. Orientere kvarandre om investeringar slik dei ligg i vedteken budsjett- og økonomiplan.

  2. Peike ut dei viktigaste tiltaka slik at dei andre kommunane får innsyn i dei

  3. Ikkje selje verdiar som t.d. kraftaksjar utan etter drøfting med dei andre.

Fellesnemnda skal gjennomgå kommunane sine posisjonar i fond, stiftingar, aksjeselskap og pensjonsfond. Fornuftig finansforvaltning skal sikre at realverdien av kommunane sine investeringar vert oppretthaldne. Budsjettert avkastning skal vere realistisk og ta omsyn til prisstigning.

Fellesnemnda skal foreta ein gjennomgang av investeringstrongen i den nye kommunen.

Investeringsprosjekt som allereie er innarbeidd i dei tidlegare kommunane sine økonomiplanar, skal prioriterast i den nye kommunen sitt budsjett og økonomiplan. Det er ein føresetnad at prosjekta er fullfinansiert i balansert budsjett/økonomiplan.

Samordning av planverk

Vi skal orientere kvarandre om kommuneplanen sin arealdel og samfunnsdel. Kvar kommune skal peike ut sine viktigaste tiltak, slik at dei andre kommunane får innsyn i dei innan 01.07.2016.

Vi er samde om at alle juridisk bindande planar vert overført til den nye kommunen og gjort gjeldande. Planane vert samla og gjennomgått i tida fram til den nye kommunen er formelt skipa.

Arbeidsgjevarpolitikk

Dei tilsette er kommunen sin største ressurs og har samla ein unik kompetanse.

Kommunesamanslåingsprosessen skal ivareta dei tilsette  på ein god måte. Det er viktig å legge tilhøva  til rette slik at arbeidstakarane ynskjer å fortsette å jobbe i den nye kommunen. Vi er samde om å etablere ein arbeidsgjevarpolitikk som legg vekt på at det er tre ulike organisasjonskulturar som skal utviklast til ein felles organisasjonskultur i den nye kommunen. Dette bidreg til å samle og utvikle arbeidstakarane i den nye kommunen, og skaper eit løysingsorientert miljø med gode relasjonar mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarar. Det føreset høg grad av medverknad både på lokalt og sentralt nivå, både før, under og etter etablering av den nye kommunen.

Den nye kommunen skal ha ein tydeleg og inkluderande arbeidsgjevarpolitikk, vidareføre det gode trepartssamarbeidet, og legge til rette for mangfald blant dei tilsette.

Ein kommunesamanslutning er ei verksemdsoverdraging, Jf.Arbeidsmiljølova § 16..

Bemanningsreduksjon skal skje gjennom naturleg avgang.  Eventuelle overtallege skal tilbydast andre oppgåver i den nye kommunen i tilsvarande storleik og tidsperiode som ein har i noverande kommune.  Effektiviseringstiltak skjer  gjennom naturleg avgang.   Alle tilsette sine noverande rettar og tilsetjingstilhøve vert vidareført i samsvar med lov- og avtaleverk .

Ingen skal gå ned i løn og dei tilsette sine  pensjonsrettigheiter skal ikkje verte svekka  som fylgje av samanslåingsprosessen. Dei tilsette vil framleis vere sikra pensjonsordning i samsvar med dei til kvar tid gjeldande tariffavtalane (KLP/SPK).   Arbeidsgjevarpolitikken skal spela på lag med fagforeningane og fylgja regelverket på ein god måte. Målet er å byggje ein kompetent, effektiv og attraktiv kommuneorganisasjon, og sikre gode fagmiljø som kan stimulere til god rekruttering og godt omdøme.

Fellesnemnd

Det skal opprettast ei Fellesnemnd i samsvar med Inndelingslova § 26 som har ansvar for å styre og følgje opp samanslåingsprosessen i perioden frå det er gjort vedtak og fram til samanslåing vert sett i verk.

Fellesnemnda skal ha 3 medlemmar frå Volda, tre medlemmar frå Stryn og 3 medlemmar frå Hornindal. Dei tilsette vil ha medverknad gjennom eit nytt partssamansatt utval for den nye kommunen, Jf Inndelingslova § 26, 2.ledd.  Fellesnemnda kan gjere bruk av arbeidsutval og –grupper etter behov.

Volda, 14. april 2016

Jørgen Amdam                       Stig Olav Lødemel                 Sven Flo

Ordførar Volda                      Ordførar Hornindal                Ordførar Stryn