Tidleg påske gjev mindre intense solstrålar. Likevel gjer tynnare ozonlag at sola kan bli opptil 20 prosent sterkare enn normalt for årstida. I fjellet bør du derfor beskytte både huda og auga.

Ifølgje Norsk institutt for luftforsking har ozonlaget over Noreg vore 10 til 20 prosent tynnare enn normalt så langt i vinter, noko som betyr at UV-strålinga har auka tilsvarande.

– Skal du til fjells eller ferdast i ope terreng, bør du også vite at refleksjon frå snø kan auke UV-nivået med opptil 50 prosent. Utan beskyttelse kan du bli solbrent og snøblind, seier forskar Lill Tove Nilsen i Statens strålevern i ei pressemelding.

Ifølgje TNS Gallup skal halvparten av nordmenn på påskeferie. 4 av 5 skal vere i Noreg, mens 1 av 5 drar utanlands.

– Solstrålane er sterkare jo nærmare ekvator vi er. I Spania kan 15– 20 minutt i sola vere nok til å bli solbrent. Og skal du til Thailand, er sola ekstremt sterk. Huda er ubudd på sol, ver derfor ekstra påpasseleg med solbeskyttelse, seier Lill Tove Nilsen. Ho rår folk til å sjekke kor sterk UV det er dit dei skal, enten det er til fjells eller utanlands. (©NPK)