Anders Fannemel står framleis med verdas lengste skihopp etter at sesongen 2015/2016 er avslutta.

Trass i at ein prøvehoppar til si eiga - og alle andre si - overrasking landa på 252 m i starten av avslutningshelga (med fall), og det var fleire hopp langt opp på 240-talet i konkurransane, var det ingen som bikka den magiske grensa på 251,5 m.

I dagens renn låg Fannemel som nummer 10 etter første omgang etter eit hopp på 222 m. Peter Prevc leia etter å ha hoppa 238, framfor Robert Kranjec og superveteran Noriaki Kasai.

I andre omgang slo Anders Fannemel til med endå eit langt og godt hopp. Han var noko ustø over kulen og måtte ut og justere, men drog hoppet godt ut og landa på 230 m og tre gongar 19 i stil. Dermed gjekk han inn på ein andre plass, bak Kenneth Gangnes som hadde strekt seg  til heile 239 m med tre gongar 19,5 i sitt siste hopp for sesongen. Gangnes sikra seg dermed plass på pallen i årets verdscup samanlagt.

Populær mann: Anders Fannemel, mannen med verdas lengste skihopp, populær blant autografjegrane i Planica. Foto: Tadeusz Mieczynski

Johann Andre Forfang hoppa seg til pallplass med heile 245 m i sitt sistehopp, medan rennet vart vunne av Peter Prevc, som sette punktum for ein strålande esong med 241,5 m og tre gongar 20 i stil. Dermed vart det endå ein slovensk heimesiger i Planica, og samstundes ein suveren siger i verdscupen.

Anders Fannemel vart nummer ni i avslutningsrennet, og sikra seg dermed 10. plassen i verdscupen totalt. Det betyr mellom anna at han er kvalifisert til det første rennet i verdscupen neste sesong. Verdscupen vart vunnen av Peter Prevc, Slovenia, framfor Severin Freund, Tyskland og Kenneth Gangnes, Norge.

Heile verdscuplista samanlagt ser du her.