Stryn kommune har ikkje betalt for utskrivingsklare sjukehuspasientar sidan våren 2012.
Når ein veit at Helse Førde fakturerer vel 4.000 kroner per døgn for kvar utskrvingsklare pasient som kommunane ikkje maktar å ta seg av, snakkar ein om betydelege summar.
– Vi har klart å få omløp på plassar ved omsorgssentera i Innvik og Stryn. Saman med fleksible tenester, gode rehabiliteringstilbod og tilrettelegging har det vore mogeleg å ta imot alle utskrvingsklare sjukehuspasientar. Men det må også nemnast at vi i periodar har hatt fire-fem plassar overbelegg på institusjonane, seier helse- og sosialsjef Berit Wetlesen til Fjordingen.
Statistikken viser at Stryn kommune betalte for 23 utskrvingsklare sjukehuspasientar første del av 2012. Men etter den tid står det null i alle kolonnar.