Tom-Øyvind Solheim (29) frå Selje, no busett i Hornindal, er tilsett som dagleg leiar i det nystarta Nordfjord Opplæringskontor med arbeidsstad i Stryn. Det er Stryn Næringssamskipnad som har kome med initiativ til det fleirfaglege opplæringskontoret som dekkjer kommunane Stryn, Hornindal, Gloppen, Eid, Vågsøy og Selje.

Det var i oktober at det vart gjort vedtak i Fagopplæringsnemda om at kontoret vart godkjent som opplæringskontor i fylket innan Kontor- og administrasjonsfag, Salsfag og Helse- og oppvekst.

- Vi hadde 15 godt kvalifiserte søkjarar, og fire vart plukka ut til intervju. Vi er veldig godt nøgde med å få Solheim på plass, seier koordinator for skule/næringsliv, Torstein Tvinnereim og leiar i Stryn Næringssamskipnad, Anita Vinsrygg.

Solheim tiltrer i deltidsstilling 1. februar og i full stilling i 1. april.