Påska 2016 går inn i historia som ei av dei rolegaste når det gjeld politisaker i indre Nordfjord. Siste meldinga som gjeld vårt distrikt, skriv seg til 22. mars då politiet opplyste om ein laushund som var komen til rette. Utover det inneheld ikkje politiet sin logg saker frå Stryn kommune og Hornindal kommune.