- Då eg sat på bommen tenkte eg litt på dei heime som sat og såg på, seier Anders Fannemel til Fjordingen, dagen etter at han redda den norske hoppæra med sin 5. plass i storbakken i OL.

Heime hadde sambygdingane samla seg i kafeen i den nye hallen for å såj hendinga på storskjerm.

- Eg visste faktisk at dei skulle ha ei slik samling. Det sette eg veldig stor pris på, seier Anders på telefon frå OL-byen.