Det opplyser Statens vegvesen.

Det er fare for snøskred som gjer at vegen blir stengt.

Kor tid fjellovergangen vil opne att er usikkert, men det vil bli gjort ei vurdering tysdag kl. 08.00, opplyser Statens vegvesen.

Vegtrafikksentralen Vest melder at grunna uver og fare for ras så vil følgjande fylkesvegar stenge søndag klokka 22, med ny vurdering måndag klokka 12:

Fv 5720 Hjellestranda, fv 5723 Lodalen og fv 5724 Oldedalen. Det same gjeld fv 5744 Navelsaker i Stad kommune.

Yr.no melder om betydeleg snøskredfare (oransje nivå) i Indre Fjordane måndag.