Saka skal opp i Stryn formannskap torsdag. Skule- og kulturutvalet har tilrådd at det vert løyvd 400.000 kroner for utbetring av pålegga og at løyvinga vert dekka av unytta del av lån som vart teke opp til finansiering av utbygging av Rand skule og barnehage.

Det var i februar i år at Arbeidstilsynet føretok tilsyn i barnehhagen der det i mars vart gjeve to pålegg for utbetringar til Stryn kommune. Det eine knytta seg til arbeidsplassane og garderobane  i arbeidslokalet. Det andre var knytta til ergonomi.

Av saksopplysningane går det fram at kommunen tidlegare har fått påbod frå Arbeidstilsynet om organisatoriske tiltak i høve mangel på arbeidsrom og møterom for pedagogane, samt tiltak for å kunne auke arealet til vognstallen. Pålegga har ikkje vore lukka etter tilsynet.

Det er krav om tilfredsstillande garderobar for menn og kvinner. Vidare er det gjeve pålegg om plan for tiltak som kan hindre at arbeidstakarane får uheldige fysiske belastningar.

Den 13. mars vart det halde ei større synfaring i barnehagen som konkluderte med at tiltak let seg gjennomføre.

I saksvurderinga går det elles fram at barnehagen i dag har eit mykje større tal born enn det han var planlagt for. Det går også fram at om tiltaka ikkje vert gjennomført, kan Arbeidstilsynet ileggje tvangsmulkt.