Anders Fannemel enda på ein solid 8. plass i Den tysk-austerrikske hoppveka.
I dagens renn i Bischofshofen landa han på 125,5 m i førstehoppet sitt. - Han har ikkje heilt funne ut av bakken. Det er ein spesiell bakke, sa sin ekspertkommentator Johan Remen Evensen etter honndølen sitt førstehopp.
Men 125,5 heldt til å slå ut parkamerat Tom Hilde og plasserte Fannemel på 21. plass etter første omgang. Lengst i omgangen var suverene Peter Prevc med 139 m.
I andre omgang slo Anders Fannemel til med 131 m. Både han og trenar Alexander Stöckl verka godt nøgde etter dette hoppet.
Til NRK sa Fannemel at han var veldig godt nøgd med starten på hoppveka, og tykte det var greitt i det andre rennet, men at han var litt mindre nøgd med dei to siste renna.
Dermed fekk Anders Fannemel ein 4. plass, ein 7. plass, ein 12. plass og i dag ein 18. plass i dei fire renna, noko som altså samanlagt heldt til ein 8. plass.
Suverene Peter Prevc hoppa142,5 m i andre omgang i dagens renn og vann både rennet og hoppveka.