Nordfjord Havn IKS er i startfasen på eit forprosjekt for utnytting av Myklebusttomta i Olden. I den samanheng ber dei om innspel frå alle aktørar som ønskjer å selje varer og tenester til cruiseturistar.

- Invitasjonen gjeld ikkje berre folk frå Olden, men også andre som ønskjer å få innpass på Myklebusttomta, seier styreleiar Stig Oldeide til Fjordingen.

Førstkomande måndag arrangerer Nordfjord Havn ope møte i Olden.

- Vi vil der gje informasjon om ting som skal skje i næraste framtid, og der utnytting av Myklebusttomta blir hovudtema.  Det er svært ønskjeleg at flest mogeleg møter opp, understrekar Stig Oldeide.