Markane IL skal om 14 dagar arrangere norgescup i skiskyting for juniorar og seniorar på Ullsheim. Fredag 22. januar vert det treningsdag, laurdagen er det normalprogram og søndagen sprint. Rennleiar Monica Halsteinslid ventar rundt 500 deltakarar frå heile landet. Med støtteapparatet vil truleg nærare 700 menneske finne vegen til Ullsheim.
- Snøproduksjon og transport
Medan det oppe på Tverrfjellet er glimrande forhold for å gå på ski, vert det jobba godt med snøproduksjon på Ullsheim med hjelp frå ein heilt ny snøkanon og nedtransportering av snø frå fjellet for å sikre løypene til det store norgescuprennet.
Allereie i helga blir forholda testa under det tradisjonsrike Ullsrennet i langrenn der det er venta nærare 250 løparar frå krinsen og frå Møre.
– Dette ser kontrollerbart ut, men vi kjem iallefall til å køyre på snø og preparere også i heile neste veke. Med så mange løparar på plass som skal løypene vere skikkelege og breie nok, seier Arvid Hatledal i Fjordingen.
– Vi produserer snø og skrapar saman snø på myrane aust for Holsetra for å transportere ned. Transporten går radigt så lenge løypene ber, seier Hatledal.
- Viktig å ta vare på renomeet
– Markane IL er langt frå den einaste arrangøren som slit med snømangel. Sjølv på Lillehammer der det er tils varande norgescup i helga, er det lite snø, seier rennleiar for norgescupen i skiskyting på Ullsheim om 14 dagar, Monica Halsteinslid.
- Det er klart at det for oss som arrangør påløper store kostnader å produsere og flytte på snø. Avlysing av arrangement går ut over samarbeidspartnarar, og vi skal ta vare på vårt renomme som arrangør. Å avlyse er ikkje aktuelt, og reknestykket skal vi sjå på etter at det heile er over, seier Halsteinslid.