Nordfjord Havn vil byggje ny cruisekai i Olden. Hamnedirektør Håkon Ivar Olsen orienterte Stryn formannskap tysdag om planane for ei kort kai med dolfinar plassert i fjorden nedanfor Olden Fjordhotel. Også Tyvaneset blir sett på som alternativ. Ballen er no kasta over til politikarane i Stryn. Nordfjord Havn ønskjer "tydelege" signal frå kommunen før styremøte i september.

Les meir i papirutgåva