Dette er årstida då mange gnagarar trekkjer innandørs.

- I løpet av 2016 vil over 1.500 husstandar få uønska besøk. Etter at vi fekk ein periode med kaldare vêr har vi allereie fått meldingar frå fleire fortvila kundar som har oppdaga ubedne gjester i hus og heim, seier informasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.

Utrekningar Gjensidige har gjort viser at det årleg vert meldt inn over 1.500 skadar (rottar og mus) til forsikringsbransjen, og at det vert gjort skade for godt over 120 millionar kroner. I tillegg er det store mørketal.

Flest skadar på Vestlandet

- Fleire av dei største fylka på Vestlandet peikar seg ut med flest skadar, seier Voll.

- Her er det fleire bygningar der grunnmuren består av gråstein, det er mange eldre bygningar her og vi har nærleik til sjø. Fleire stadar er det rørsystem og leidningsnett av eldre årgang, noko som gjer det enkelt å ta seg inn i eldre hus.

I Sogn og Fjordane registrerer Gjensidige rundt 10 slike skadar kvart år. I tillegg betalar selskapet ut fleire hundre tusen kroner som følgje av desse skadane.

Bilar og campingvogner utsett

I tillegg opplever ein stadig oftare at mindre gnagarar som mus "tek rotta på" bilar og campingvogner. Kvar veke vert Gjensidige kontakta av fortvila eigarar som opplever at interiør, sete, leidningar og elektriske komponentar er gnagd i stykker.

Skadar i mottorrommet forårsaka av mus. Foto: Gjensidige

Kostbare skadar

- Skader på bygningar varierer frå mindre utbetringar til totalrenoveringar på over ein million kroner. Daude dyr og avføring kan gje store luktproblem, i tillegg et dei alt dei kjem over og øydelegg isolasjon, rør og elektriske anlegg, seier Voll. Han åtvarar om at øydelagte leidningar kan vere brannfarlege. Det er heller inga god kjensle å leggje seg om kvelden når ein høyrer gnagelydar rett bak hovudputa, seier han.

Skadeomfanget etter mus- og rotteskadar er store. Normalt ligg ei erstatning etter ein slik skade på mellom 50.000 og 80.000 kroner. Det finst òg fleire døme der skadeomfanget har vorte på fleire hundre tusen kroner.

Foreten mus i campingvogn. Foto: Gjensidige

Sjekk forsikringa

- Ei vanleg hus- eller fritidsbustadforsikring bør dekke skadar som følgje av gnagarar. Det er likevel lura å sjekke forsikringa di. Mange forsikringsselskap har dette som tilleggsdekning som kunden må velje sjølv, seier Arne Voll.