Folketalet i Lodalen har auka monaleg dei siste fem åra. Mange unge familiar har etablert seg i dalen, og fleire kjem. Sjølv om der er utfordringar, synest alle at Lodalen er beste staden i verda.
Sju familiar har bygd nytt eller overteke gardshus. I dag er berre eitt gardshus utan faste bebuarar, men det vil ikkje stå tomt lenge. Det vert no pussa opp og blir neste vår heim for sju nye innbyggjarar.
Godt liv
Høgt og fritt med utsyn innover dalen. To nybygde hus for to unge familiar.
Rikeleg med tumleplass for borna, både med leikeapparat og i naturen kring om. Vi er benka kring langbordet i eit kjøkken der ein ved kvart måltid kan nyte ”postkort-utsikta” innover Lodalen. Store kjøkkenglas gjev morgonsola fritt leide.
Marte Sande og Paul Arne Fjerdingren har saman med borna Sigurd (5), Julie (14) og Sol (14) skapt ein heim der dei finn ro og kan nyte naturen heile året. Høgt oppe i lia. Marte og Paul Arne er ikkje plaga med tankar om at fjellet kan rase endå ein gong og skape flodbølgje på vatnet, men dei veit at det kan skje. Det er alle medvitne om, men dei elskar dalen sin. Det er her dei vil bu og la borna vekse opp.
– Risiko er det vel overalt, meiner Paul Arne som vaks opp i Stryn. Marte vedgår at ho ikkje søv godt på telttur med overnatting ved vatnet. Det er ei følgje av mørke flekkar i bygdehistoria. Men oppe i huset søv ho godt, fortel Sande.
Nære band
I nabohuset bur Elin Sande Beinnes (Marte si niese) og Geir Hogrenning saman med borna Viljar (2) og Alva (5). Litt lengre nede bur Rune Sande Beinnes og sonen Sebastian (5).
Dei samlast ofte, og borna trivst i lag. Samhald er viktig.
– Det gode her er at dei har leikekameratar i nærområdet, seier Marte.
Vi spør henne om det var vanskar å skaffe jobbar då dei bestemte seg for å busette seg i heimbygda.
- Vi har jo ikkje utdanna oss til yrker i ”smale nisjer”, men har teke utdanning til vanlege jobbar som trengst overalt, seier Marte som er lærar. Det kan verke som om alle har tenkt heimbygd som bustad og medvitne valt utdanningsveg. Elin jobbar i barnehage og budde ei tid i Oslo.
– Eg hadde heile tida lengsle om å kome heim att, seier ho.
– Vi er heimekjære her i Lodalen, supplerer Marte.
Sterkare
Vi skal møte fleire av dei nye innflyttarane. I kafèen på campingplassen vert det liv og røre når alle samlast. Latteren sit laust og diskusjonane har snev av frisk bris. Utan unntak er alle samde om at Lodalen er den finaste staden i verda, men at dei óg har utfordringar å jobbe med.
– Vi treng 20 meter rasoverbygg for å gjere skulevegen trygg, seier Tom Erik Beinnes Aldeholm. Han fortel om bussjåfør Sverre Sande som har to bussar, ein på kvar side av det rasutsette området Merkingsjølet.
Den andre utfordringa er betre nettløysing. Det er strevsamt med tregt nett, både for dei som er turistvertar og for folk elles. Men bygdefolket er optimistar.
– Det vil bli store økonomiske utfordringar for kommunen med barnehage og skuleskyss om vi ikkje får betre nett slik at vi kan bruke nettet på sengekanten. Tom Erik haustar god latter. Litt fleip og godt humør må til.