Eit vogntog sperra opninga til Rosethorntunnelen i Volda.

Klokka 13.45 får Sunnmørsposten opplyst at vegen har opna igjen i begge retningar. Ifølgje operasjonsleiar i politiet, Roar Fylling, blir det trafikkdirigering på staden.

Gry Støre

Forsøkte å stjele øl

En mann er satt i arrest og anmeldes for ordensforstyrrelse. Mannen skal ha vært plagsom og forsøkte å stjele øl på ett utested i Ålesund sentrum, melder politiet på X, klokka 22.42 torsdag kveld.

Kristian Klemetzen

Rusa person bak rattet i Ålesund

Det som startet med at Utrykningspolitiet (UP) stanset en bilfører på Nørve på grunn av manglende forsikring, tok raskt ei ny vending:

Føreren var trolig beruset, skriver politiet på X torsdag ettermiddag.

Personen tas med til blodprøvetaking og politiet oppretter sak på forholdet.

Terje Engås

Fjelløypa på Bjorli lagt om – vil ikkje forstyrre reinen

Foto: Knut Arne Aarset

I følgje nye kart frå miljøvernstyresmaktene gjekk Fjelløypa på Bjorli inn i villreinens kalvings- og oppvekstområde. No er løypa lagt om, fortel avisa Vigga.

– Villreinen er raudlista, og vi vil unngå at altfor mange folk går ut i dette fjellterrenget. Difor måtte vi agere raskt og finne ein ny trasé, fortel formann i Bjorli Lesja løypelag, Willy Sægrov, til avisa.

Løypelaget har no testa og køyrt ein alternativ trasé, som går meir nordvestover, fyrst i lia mot Bøverhø, ned mot Bøverbotn, så i ein sving nedover på austsida av Bøvervatnet, så sørover att før skogen. Løypa blir køyrt i perioden vinterferien (frå veke sju) og ut påska.

Terje Engås

Køyrde brannbil frå Tromsø til Sæbø

Foto: Ørsta brann og redning

Brannstasjonen på Sæbø i Ørsta har fått ny brannbil. Eller ikkje heilt ny, dei har kjøpt ein brukt brannbil i Tromsø og køyrd den sørover denne veka.

- Den nye brannbilen er heilt lik hovudbrannbilen til Volda brann og redning, ein Scania 440, fortel brannsjef Thomas Winther Leira til avisa Møre.

Men ny bil betyr også ei ny utfordring: Den nye brannbilen er for stor branngarasjen på Sæbø. Så no er det behov for å byggje nytt.

Terje Engås

Opphevar kokevarsel på drikkevatnet

Ein feil i prøvetakingsrutina førte til at vi fekk varsel om koliforme bakteriar ved Volda vassverk i går 21. februar.

Det skriv Volda kommune på heimesida si torsdag 22. februar.

Feilen som blei gjort var at det vart tatt prøve av råvatnet, medan prøvetakingsflaska var merka med reintvatn som vart sendt til analyse.

- Bakteriane som vi fekk varsel om blir reinsa på vassverket og kom difor ikkje ut i drikkevatnet. Vi blei gjort kjende med feilen før vi fekk starta kloringa av vatnet, so det har ikkje vore klor i vatnet og vil ikkje bli det i denne omgang, legg kommunen til.

Dei beklagar at feilen vart gjort og skal oppdatere prosedyrene, slik at dei unngår slike hendingar i framtida.

Kristian Klemetzen

Kjørte uten gyldig førerkort

En mann i 60-årene ble stanset av Utrykningspolitiet (UP) i Ålesund.

Det viste seg at han ikke hadde gyldig førerkort, noe som førte til anmeldelse.

Det skriver politiet på X torsdag ettermiddag.

Kristian Klemetzen

Avskiltet på Moa

En bil har blitt avskiltet på Moa på grunn av manglende EU-kontroll siden 2021.

Det skriver politiet på X torsdag ettermiddag.

Birgitte Flote

Likevel ikkje kloring av drikkevatnet

Volda kommune skal ikkje klore drikkevatnet likevel.

Det var ein feil i prøvetakingsrutinane som førte til varsel om koliforme bakteriar ved Volda vassverk onsdag. Ifølgje kommunen blei feil vatn sendt til analyse.

Volda kommune beklagar feilen og seier dei skal oppdatere prosedyrane for å unngå liknande feil i framtida. Feilen blei oppdaga før dei starta kloringa av vatnet.

Kristian Klemetzen

Fire fikk bot i Ålesund-trafikken

Etter klaging på høg hastighet i en 30 km/t-sone i Skarbøvika gjennomførte politiet en laserkontroll, skriver de på X torsdag:

«Resultatet ble fire forenklede forelegg. Høgeste hastighet var 42 km/t.»

Per Ove Stige

Kaller Kjerkol inn på teppet

Sylvi Listhaug. Foto: Terje Bendiksby / NTB

Sylvi Listhaug, Frps partileder, mener mye tyder på at Helsetilsynet og Stortinget er feilinformert om Helseplattformen.

Listhaug har flere ganger stilt helseminister Kjerkol spørsmål om Helseplattformen. Kjerkol har i sine svar i stor grad vist til informasjon hun har fått fra Helse Midt-Norge.

Det nyeste svaret fra Kjerkol, datert 21. februar, mener Listhaug er en «total ansvarsfraskrivelse».

– Jeg er helt overgitt over at helseminister Kjerkol ikke viser noen refleksjon over at mye tyder på at Helse Midt-Norge har feilinformert Helsetilsynet og dermed også Stortinget, sier Listhaug i ei pressemelding fra Frp.

Nå kalles statsråden «inn på teppet». Det skjer i den ordinære spørretimen i Stortinget 28. februar.

Einar Orten Trovåg

– Ikkje i tråd med lova

Den automatiske parkeringsautomaten ved Volda Skisenter. Foto: Svein Nordal

- Det er ikkje heimel til å ta parkeringsavgift på Reset skisenter i Volda. Dette fordi kommunen ikkje har fatta eit vedtak i tråd med friluftslivslova.

Det meiner Forum For Natur og Friluftsliv Møre og Romsdal, skriv Møre-Nytt.

Organiasjonsen ønskjer at parkeringa ideelt sett skal vere gratis, alternativt at det må det vere ei lågast mogleg lovleg avgift som er heimla i friluftslova og parkeringsforskrifta.

Og nettopp det siste meiner Forum For Natur og Friluftsliv Møre og Romsdal at Volda kommune ikkje har gjort.

- Det er ikkje tilstrekkeleg med ein avtale mellom Volda kommune og Volda skisenter. Vi kan ikkje sjå at Volda kommune har fatta eit vedtak som oppfyller kravet til friluftslova § 14. For at betalinga skal bli lovleg må difor kommunen fatte eit slikt vedtak, argumenteter forumet ifølgje Møre-Nytt.

Volda kommune kommenterer til avisa at dei har framleis ikkje motteke søknad, men har etterlyst denne og har sett frist for å sende inn søknad til midten av mars.

Kommunen tek vidare sikte på å handsame søknaden innan sommaren.

Det blir parkeringsavgift ved skisenteret fram til 30. april. I sommarsesongane er det gratis parkering.

Einar Orten Trovåg

Stoppet påvirket sjåfør

Politiet melder at de har stoppet en bilfører på Lerstad i Ålesund onsdag kveld.

Føreren blir anmeldt for å ha kjørt i påvirket tilstand.

Einar Orten Trovåg

Delvis tilbake i jobb etter kreftsjukdom

Foto: Olav Skjegstad, Romsdals Budstikke (arkiv)

Vestnes-ordførar Randi Bergundhaugen er tilbake i 20 prosent jobb, melder Bygdebladet.

Det var i sommar ho sjokkbeskjeden om at ho hadde fått kreft.

No er ho ferdig med behandlinga og delvis tilbake i jobb, melder avisa.

Bergundhaugen har gjennomført éin kontroll etter at ho vart kreftfri, og ein ny er snart i vente.

- Det er klart ein er litt spent. Vi kjenner ikkje morgondagen, men det ser ut til å gå fint. Noko eg også må tru på. Eg må berre vere tolmodig å gi dette den tida som trengst. Men samtidig er ein utolmodig etter å gjere framsteg, sier Vestnes-ordføraren til Bygdebladet.

Einar Orten Trovåg

Bakteriefunn ved vassverk - vatnet kan få annan smak og lukt

Foto: Volda kommune

Ved ein rutineprøve tatt ved Volda vassverk vart det påvist koliforme bakteriar, melder Volda kommune.

- Slike bakteriar får vi ved ujamne mellomrom i drikkevatnet utan at det er farleg for menneske. Vi vel likevel å starte kloring av drikkevatnet fram til fredag for å bli kvitt bakteriane, skriv kommunen på si nettside, i ei sak som først vart plukka opp av Møre-Nytt.

Volda kommunen melder vidare at vatnet kan nyttast som normalt.

Enkelte abonnentar har derimot tidlegare reagert på forandring i smak og lukt når kommunen har klora vatnet.

Derfor vel kommunen å gå ut med ei melding om kloringa før dei startar opp med kloringa.

- Sjølv om vatnet skulle få ein annan smak og lukt, er det heilt trygt å drikke det, skriv Volda kommune.

Karl-Petter Løvoll

UP: Tok fleire sjåførar i kontroll

UP har hatt kontroll i Ulsteinvik onsdag. Det vart gitt åtte forenkla førelegg og ein sjåfør vart meldt til politiet for bruk av mobiltelefon. Det vart også gitt eitt vernegebyr og eitt forenkla førelegg for brot på vikeplikta.

Karl-Petter Løvoll

Ellingsøytunnelen: Stengte påkjøringen til Flatholmen

En bil har fått motorstopp i Ellingsøytunnelen og av den grunn er påkjøringen fra Flatholmen i retning Ysteneset stengt, opplyste politiet klokka 16.13 onsdag.

Politiet opplyste klokka 17.00 at bilen hadde blitt fjerna.

Kristian Klemetzen

Skal levere havbotnar i stål

Illustrasjon av bassenglaboratoriet ved Norsk Havteknologisenter i Trondheim. Foto: Statsbygg / Link Arkitektur / Presse

Prodtex Industri AS i Vanylven har inngått kontrakt med AXTech AS i Molde for leveranse av utstyr til Norsk Havteknologisenter i Trondheim, skriv dei i ei pressemelding.

Leveransen er på to havbotnar i stål til Havbassenget. Total stålvekt er i overkant av 700 tonn.

Havbassenget er eit stort laboratorium der ein utfører testar av faste og flytande konstruksjonar under realistiske simulerte forhold med bølgjer, straum og vind.

Bassenget skal mellom anna nyttast til å teste skip, vindturbinar, oppdrettsanlegg, bruer og offshore konstruksjonar. Havbotnane skal kunne justerast til ulike testdjupne frå kontrollrommet med millimeterpresisjon. Dei skal installerast i 2026.

Norsk havteknologisenter blir eit nasjonalt kunnskapssenter for havteknologi. NTNU skal eige og drifte havteknologisenteret på vegne av staten.

Kristian Klemetzen

Fem fikk bot i Herøy

Da Utrykningspolitiet (UP) hadde kontroll i Fosnavåg fikk fem bot:

  • Tre fikk forenklet forelegg for bruk av mobil.

  • Ett forenklet forelegg for kjøring i strid med forbudsskilt.

  • Ett gebyr for manglende bruk av bilbelte.

Det melder politiet på X.

Kristian Klemetzen

Kjørte 50 i 80-sone – anmeldes

Illustrasjon. Foto: Staale Wattø (Arkiv)

En bilfører som kjørte i 50 km/t i 80-sonen på Innfartsvegen i retning sentrum, ble stoppet av politiet.

Det melder de på X onsdag ettermiddag.

– Førerkortet blir beslaglagt og bilføreren blir anmeldt for forholdet, skriver politiet.

Kristian Klemetzen

Ny mastergrad i Ålesund

NTNU i Ålesund har startet opp en ny mastergrad i innovasjon og bærekraft.

Tilbudet er lagt til Institutt for internasjonal forretningsdrift.

Det blir mulig for personer med ulik type utdanning og yrkesbakgrunn å komme inn på det nye studiet.

I arbeidet med opprettelsen av denne nye masteren har NTNU kartlagt kompetansebehovet i næringslivet i regionen og fått innspill både fra bedrifter og fra NHO, skriver Universitetsavisa.