Moods of Norway opna i dag butikk i Strömstad i Sverige.

Fleire hundre hadde møtt fram til opninga, der gråtasstraktoren som var dekt med "svenskegodis" fekk stor merksemd.

Eit lite stykke Norge i Sverige... Foto: Moods of Norway

Butikken har eit tydeleg Norge-Sverige-preg, seier Simen Staalnacke, og fortel om interiør frå grensekafe og prøverom der du kan velje mellom Norge og Sverige.

Både gründerane Simen Staalnacke, Peder Børresen og Stefan Dahlkvist deltok ved opninga, og det same gjorde dagleg leiar Jan Egil Flo.

Stor stemning etter at butikkdørene hadde opna. Foto: Moods of Norway