Heile 900 spelarar deltok i helga på Grodås cup i Hornindal. I tillegg til fotballkampar, var det også fleire aktivitetar å delta i. Mellom anna vart det tevla om ei signert landslagstrøye.

I eldste klasse i turneringa, smågute- og småjenteklassen 13/14 år, vart dei tre beste rangerte og premierte etter sluttspel.

Klasse smågutar 13/14 år vart vunnen av AaFK Tigers, framfor Hornindal IL og Stryn 1. I klasse småjenter 13/14 år vann Eid IL framfor Bergsøy IL og Brattvåg IL.

Samtlege resultat finn du på denne linken.

Fjordingen kjem med ei miljøreportasje frå Grodås cup i tysdagavisa.