(NPK-NTB): Den Norske Turistforening (DNT) har fått 12.500 nye medlemmer i år og har no over 270.000 medlemmer.
- Vi ser at det er stadig fleire seniorar som legg ut på turar, og dei ser på dette som ein sjanse til å vere saman med andre. Men det er barn og ungdom som aukar mest i medlemsstatistikken, seier generalsekretær Nils Øveraas i Den Norske Turistforening (DNT) til Dagen.
DNT har totalt 270.250 medlemmer ved utgangen av året, 12.500 fleire enn året før. Foreininga kan vise til ein jamn vekst dei siste 15 åra. (©NPK)