Det blir satsa på å styrke kvaliteten på den pedagogiske leiinga i barnehagane i Stryn kommune. Denne satsinga skjer også i randre kommunar i Nordfjord.

"Kvalitet og leiing" heiter programmet der pedagogiske leiarar, styrarar og skuleadministrasjonen er med.

Midlane til prosjektet kjem frå KS på 220.000 kroner, medan kommunen dekkjer 50.000 kroner via det ordinære budsjettet.

Dette opplyste skule- og kultursjef Odd Einar Fimreite i skule- og kulturutvalet sist veke.