Ordførar Sven Flo fekk møte favoritten sin i Olden i dag: Mikke Mus tok imot stryneordføraren på Disney Magic sitt første besøk i Nordfjord. - Utruleg kjekt, sa orføraren, som fekk ei omvising ombord i dette eine av Disney-konsernet sine fire cruiseskip.

- Dette har vore veldig populære turar. Dei norske cruisa vart selde ut på ein time, fortel kaptein på Disney Magic, Tom Forberg.

- 90 prosent av våre passasjerar er amerikanarar, og dei fleste har høyrt og lest om dei norske fjordane. Men faktisk å få oppleve dei, det overgår alt. Og Olden er då også ein fantastisk stad, seier kaptein Forsberg, som også skryter av cruisekaia i Olden. Svært mange nytta dagen i Olden til ekskursjonar, frå busstur til Briksdalen og helikoptertur over fjord og fjell til vitjing av Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid.

Sjølv om Disney Magic ikkje er av dei største skipa i verda, og er det minste i Disney-rederiet, ruvar det godt ved kai i Olden. Foto: Gunnhild Sindre

- Frozen-effekten, forklarte cruisevertane ombord på skipet.

- Dette har vore ei fantastisk oppleving, ikkje berre for gjestene, men også for mannskapet. Mange av dei har aldri sett snø før! seier kaptein Forberg, som legg til:

- Det har sjølvsagt vore veldig kjekt for meg som er norsk å ha denne turen og sjå denne begeistringa. Og ryktet kjem til å spreie seg, så det er ikkje siste gongen det kjem til å gå cruise på Norge.