Politiet får stadig telefonar frå folk som er blitt oppringde av ukjende som hevdar dei ringer frå Microsoft for å hjelpe dei med ein feil på datamaskina heime.
Politibetjent Jan Tore Sunde si oppmoding er klokkeklar: - Får du ein slik telefonoppringing er det berre å leggje på med ein gong. Ingen person som ringer har nokon grunn til å gjere noko som helst med folk sin PC, seier Sunde.
Som legg til at alle slike telefonar er forsøk på svindel.
- Det nye no er at mange av oppringingane i det siste tilsynelatande kjem frå norske telefonnummer. Det er mogleg fordi det finst ein app ein kan laste ned, og som gjer det mogleg å ringe frå eit utanlandsk nummer samtidig som det på mottakaren sin telefon ser ut som at det er ein norsk telefonoppringing, seier politibetjent Sunde.