Eli Folven er tilsett som vikarierande dagleg leiar ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Ho tok til i stillinga 10. mars.

Folven er 33 år, kjem frå Oppstryn og er utdanna innan økonomi, administrasjon og reiseliv. Ho har lang fartstid innan reiseliv og har jobba åtte år i Reisemål Stryn & Nordfjord/Visit Nordfjord, der ho har arbeidd med marknadsføring, produktutvikling, nettsider og drift av turistkontor, opplyser styreleiar Arne Bjørlykke i ei perssemelding.

- Vi er no i gang med å utvikle nasjonalparksenteret vidare. Tilsetjinga av ny dagleg leiar er ein viktig del av dette, og Eli ser fram til å ta fatt på arbeidet, seier Bjørlykke.