Utgreiingsrapporten «Tannhelsetenesta – ein framtidsretta klinikk- og tenestestruktur» skal på høyring i februar og mars. Det vedtok finansutvalet i går.

Rapporten syner korleis ein kan utvikle ein moderne og kvalitetsorientert tenestestruktur for tannhelsetenesta fram mot 2019. Høyringa er først og fremst retta mot kommunane og aktuelle fagforeiningar, og høyringsperioden er frå 1. februar til 18. mars.

Målet med omstillingsarbeidet er å utvikle ein klinikk- og tenestestruktur som kan gje innbyggjarane i Sogn og Fjordane stabile, offentlege tannhelsetenester av høg fagleg kvalitet. Arbeidet  er ein del av SFJ 2019, omstillingsprosjektet i fylkeskommunen fram mot 2019. Ei arbeidsgruppe med representantar frå tannhelsetenesta, tillitsvalde og fylkesrådmannen står bak rapporten, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Innsparingspotensiale

Utgreiinga syner eit årleg økonomisk innsparingspotensiale for tannhelsetenesta på elleve millionar kroner. Innsparinga skal takast innanfor det samla budsjettet for tenesteområdet. Her har utgreiinga sett nærare både på klinikkstrukturen og reduksjon i bemanninga innanfor administrasjon og leiing.

Ny klinikkstruktur

I dag er det offentlege tannhelseklinikkar i kvar kommune i fylket, i nokre kommunar fleire klinikkar.

Andre fylke ein kan samanlikne seg med har eit klart høgare tal innbyggjarar per tannklinikk. Utgreiinga foreslår ein ny klinikkstruktur der ein går frå 28 til 17 tannklinikkar frå 1. januar 2018.

Denne modellen følgjer ein nasjonal moderniseringstrend innanfor tannhelseområdet, der ein legg vekt på fagleg utvikling og ei meir samordna rekruttering til attraktive fagmiljø. Brukarane vil og oppleve meir stabile tenester ved t.d.  ferieavvikling og sjukefråvær, større tilgjenge med utvida opningstider og utvikling av tenestene med omsyn til kvalitet og utstyr, meiner fylkeskommunen.

Innvik og Hornindal truga

Sist veke kom det fram både tannklinikken i Hornindal og Innvik står på nedleggings-lista i rapporten. Begge desse kontora er ambuleringsklinikkar under Stryn tannklinikk.

No går altså rapporten til høyring. Innspel frå høyringsrunden vil bli vurdert i det vidare arbeidet. Etter høyringa vert det lagt opp til at fylkestinget handsamar utgreiinga som ei eiga sak.