Johannes Thingnes Bø låg an til å vinne normaldistansen i ettermiddag. Etter tre skytingar låg han føre alle etter berre ein bom, også Martin Fourcade hadde sekundar å hente sjølv med like mange treff som Bø.

Men medan Fourcade leverte prikkfri skyting på det siste standplassbesøket, stod det tre svarte prikkar att då Johannes heiv børsa på ryggen. Med det rasa han både ut av pallen og topp-ti.

Bror Tarjei gjorde eit nytt godt løp og fekk revansjert 22. plassen frå førre 20 kilometer. Han skaut berre to bom på dei fire skytingane og fekk 11. plass i det tøffe selskapet.

- Eg hadde bestemt meg for å i alle fall ikkje få noko på liggjande, så eg tok meg ekstra god tid der. Men eg var ikkje superfresh i løypa i dag. Var sliteløp med den tunge snøen, og fekk det ikkje heilt til å stemme teknisk,  uttalte Tarjei til NRK.

Igjen var det Fourcade som trona øvst på pallen, føre Simon Eder frå Austerrike.