4H Sogn og Fjordane kan sjå tilbake på eit aktivt år med mange nye medlemmar og fleire spennande prosjekt på gang.

7. februar samlast mange av medlemene til årsmøte på Skei.

– Det er heilt supert at vi har blitt endå fleire i 4H siste året! jublar Inger-Margrethe Sørland, leiar i 4H i Sogn og Fjordane. Det største 4H-fylket i landet er med det blitt endå større.

Auka deltaking

4H i Sogn og Fjordane hadde ved utgangen av årsskiftet 1935 medlemmar, mot 1854 på same tid i fjor. Det betyr heile 4% auke, og det midt i ein omorganiseringsprosess.

– Det er verkeleg oppmuntrande å sjå at vi blir fleire. Klubbane let seg ikkje påverke av endringar i organisasjonen. Dei har klart å halde oppe aktiviteten og gjere 4H endå meir attraktivt, slår fylkesstyreleiaren fast.

Mange små og store arrangement gjekk av stabelen i fylkeslaget sin regi i løpet av året som gjekk. På fleire av dei største var det auke i tal deltakarar, til dømes under storkurset i september og Superhelga i februar. Under sistnemnde arrangement møttest over 200 4H-arar til styrekurs, inspirasjonssamling og årsmøte i 2015.

Samarbeid med bønderDet treårige prosjektet 4H-gard i vekst vart starta opp med eit forprosjekt på hausten 2015. Arbeidet er i full gang, og målet er å løfte arbeidet med besøksgardar i 4H på Vestlandet, å starte fleire, samt utvikle eit breiare tilbod på 4H-gardane som allereie finst. Det er 4H i dei fire vestlandsfylka som står bak, i samarbeid med 4H Norge.

4H-gard i vekst er med på å lære barn og unge om landbruket, og samarbeid mellom bøndene og 4H trur eg er gull verdt for begge partar, smiler fylkesstyreleiaren.

Draumeplassar i naturen

Konkurransen Draumeplassen var ein av aktivitetane som føregjekk i prosjektet Møteplass: Naturen i 2015. Med midlar frå Gjensidigestiftelsen vann to lokalsamfunn arkitekttenester, prosjekthjelp og pengestøtte som skal brukast til å skape naturmøteplassar. Arbeidet er i gang for fullt, og folk på Hardbakke i Solund og i Davik i Bremanger gler seg. Inger-Margrethe Sørland understrekar verdien av friluftsliv på fleire måtar:

– Det har vorte stadig meir fokus på det å vere ute i naturen. Friluftslivets år i 2015 fekk mange fleire til å kome seg ut i naturen. Dei 40 naturmøteplassane til 4H i fylket er gode plassar for friluftsaktivitet, og fører til at landskapet ikkje gror att. Vi ser at folk brukar naturmøteplassane meir og meir.

Under årsmøtet til 4H Sogn og Fjordane på Skei 7. februar vil meir enn 150 deltakarar få høyre både om året som gjekk og legge planar for 4H i åra som kjem.

Linda Slåtten/Sogn og Fjordane 4H