Korpsmusikken er uløyseleg knytt til 17. mai. Dagen har gitt legitimitet hjå folk for at ein treng korpsa. På same tid har det skapt eit skeivt bilete av det korpsa driv med, meiner Terje Andresen. Den tidlegare læraren og journalisten er hovudforfattar av boka Musikkorpsenes århundre.
– At korpsa berre marsjerer 17. mai, det er den vanlegaste misoppfatninga folk har. Og så er det ei misoppfatning at korps spelar surt og kling dårleg. Kvaliteten har blitt kolossalt mykje betre, særleg etter at korpsa byrje konkurrere fylkesvis, nasjonalt og internasjonalt på 1980-talet, seier Andresen.
– Stemner og samankomstar var før mykje assosiert med fyll i min ungdom. Det har blitt meir seriøst med åra. Det er til det betre, legg Andresen til.
Feirar seg sjølv
Våren er likevel høgtid for korpsmusikk. Det er den tida av året då jenter og gutar i alle aldrar konsentrerer seg om å lese notar medan dei går i takt. Korpsmusikk-Noreg har ekstra grunn til å feire i år. hundreårsjubileet blir markert med fotoutstilling, jubileumskonsertar og eigne frimerke. I tillegg kjem altså boka som summerer opp den 100 år lange historia til Norges Musikkorps Forbund (NMF).
– Det var ein smertefull prosess å velje ut kva vi skulle skrive om. Boka kunne vore hundre sider til. Eg trur likevel det var fornuftig å kutte så mykje som vi gjorde, seier Terje Andresen til Nynorsk pressekontor.
Eit forbund blir til
Frå den spede starten i juli 1918 har musikkorpsa i Norge vakse til 60.000 musikantar. Det er i høve hundreårsmarkeringa av NMF at "Musikkorpsenes århundre. Norges Musikkorps Forbund 1918–2018" er skriven.
– Det er sjølve paraplyen som er 100 år, som Andresen seier det.
For historia til korpsmusikken i Noreg strekk seg tilbake ytterlegare 100 år. Det heile byrja med militærmusikken på starten av 1800-talet. Derifrå spreidde interessa seg. Dei første musikkorpsa i Norge blei skipa i 1850-åra, knytte til bedrifter som Hadeland Glassverk og Bærums Verk.
Det første skulekorpset blei først skipa i 1901 ved Møllergadens Skole i Kristiania. På eit stemne i 1918 bestemte gutemusikkorpsa seg for å gå saman i eit forbund, og etter kvart blei ungdomskorpsa og vaksenkorpsa med i same forbund. I 1956 fekk det namnet Norges Musikkorps Forbund, som i dag famnar om alle typar musikkorps og drilltroppar unntatt profesjonelle korps.
Jentene kjem med
Inntoget til jentene markerer eit vasskilje i historia til Norges Musikkorps Forbund, meiner forfattar og korpsveteran Andresen.
– Det er skrive fleire bøker om korpshistorie, men ingen av dei tek opp dette temaet. Det var rett og slett upløgd mark, og difor veldig morosamt å skrive om, seier forfattaren.
Han fortel at jentene ville vere med. Det første jentekorpset vart skipa tidleg på 1900-talet, og jenter i korps var ikkje uvanleg etter den andre verdskrigen. I 1952 blei jenter i korps diskutert på landsmøtet til det som då heitte Norges Landsforbund av Gutte- og Amatørmusikkorps. Spørsmålet om jentene skulle få bli medlemer i forbundet, skapte stor usemje på landsmøtet, og saka blei ikkje løyst det året.
Fire år seinare blei spørsmålet igjen diskutert. Denne gongen landa landsmøtet, no Norges Musikkorps Forbund, på å gi jenter lov til å bli medlem i korpsa.
– Først i 1956 kom namneendringa som ikkje hindra jentene frå å vere med. Etter det blei jentene i fleirtal og bidrog til ein kraftig auke i medlemstalet utover 1960-talet, seier Andresen.
Ei bok for spesielt interesserte?
Han har sjølv solid erfaring frå musikkorpsrørsla med 50 år bak seg som messingblåsar og i administrasjonen. Andresen hadde slik eit godt utgangspunkt for å sy saman jubileumsboka.
– Men kven er ho for, denne boka?
– I arbeidet med boka blei det klart at det var ei bok som kunne vere for fleire enn dei innvigde. Særleg godt viser boka kor brei rørsla er med tanke på ulike aktivitetar, seier Andresen.
Boka tek for seg historia og den organisatoriske utviklinga av NMF, blant anna med historier og betraktningar frå landsmøte opp gjennom og skildringar av janitsjar, brassband, drillkonkurransar og internasjonalt engasjement.
Der boka her går i detalj, er ho truleg mest mynta på dei innvigde, sjølv om det er interessant å få eit glimt av alliansar og interne maktkampar. Boka er aller best når lesaren får bli med på innsida av til dømes stemner og leirar. Kven visste til dømes at det trongs 90.000 fiskebollar og 8 tonn poteter til jubileumsstemnet i Trondheim i 1958?
(©NPK)