Fjordingen har fått fleire henvendelsar frå publikum etter at Cirkus Arnardo sine plakatklistrarar hengde sine plakatar over Cirkus Agora sine før Agora hadde hatt sine førestillingar. - Agora hoppa inn i vår rute, seier Are Arnardo frå leiinga i Cirkus Arnardo. - Vi må heller framstå som kollegaer enn konkurrentar. Eg anbefalte publikum også å besøkje Cirkus Arnardo, seier Agora-direktør Jan Ketil Smørdal.
Lesarar i både Stryn og Hornindal har sendt avisa bilde av plakatklistringa, der datoane for Agora sine framsyningar var dekka over.
Blei litt overivrige
– Kvifor gjer de dette, Are Arnardo? Med berre to sirkus igjen i Norge, bør de ikkje oppføre dykk kollegialt overfor kvarandre?
– Først må vi beklage at våre reklamefolk blei litt overivrige. Det er ikkje vanlig praksis med så tett kontakt med andre plakatar som vist på bilda. Men dei fekk nok litt «blod på tann» då dei oppdaga at Agora også i Stryn hadde hoppa inn i vår rute. Som i Vatne, Sykkylven og Spjelkavik, seier Are Arnardo.
- Må heller rettast mot Agora
– Så når det gjeld «kollegial oppførsel» må spørsmålet heller rettast mot Agora. Vi besøkjer alltid Stryn veka før 17. mai. Noko Agora vil vere klar over, også i dei åra der Agora har lege brakk. Vi spurde som vanleg kommunen om leige av Utstillingsplassen pr. epost, den 29. januar, og fekk bekreftelse på leige på mail frå kommunen 2. februar. Når då Agora to månadar seinare, i starten av april, vel å bestille plassen for ein dato som ligg to dagar før vår valde forestillingsdag, så synest vi at vår kollega frå Eid ikkje lenger oppfører seg kollegialt, seier Are Arnardo til Fjordingen.
– Det blir litt som dersom Rosenborg skulle ha oppvisningskamp på Stryn Stadion, og så bestemmer Brann seg for å gjere det same og pressar seg inn to dagar før trønderane sin lenge planlagde visitt. Ville sympatien då ligge hos Brann? seier Arnardo.
- Har vore planlagt lenge
- Vi har ikkje hoppa inn i nokon reiserute til Arnardo, seier Jan Ketil Smørdal, direktør for Cirkus Agora, som også tidlegare har lagt turnéen til heimdistriktet på denne tid.
– Vi har planlagt Sogn og Fjordane i mai måned lenge, noko som også har kome fram på våre nettsider.
Anbefalte publikum å besøkje konkurrenten
Smørdal legg til:
– No som det kun er to sirkus i Norge må vi framstå meir som kollegaer enn som konkurrentar. Difor anbefalte eg publikum å besøke Arnardo då vi avslutta vår førestilling i Stryn. Eg ba dei faktisk gå mann av huse. At Arnardo vel å øydelegge våre reklameplakatar får stå for deira rekning.
(Under: Her anbefalar Jan Ketil Smørdal publikum å gå mann av huse for å sjå konkurrenten si førestilling.)