-Vi satsar på full vinterdrift for at turbinane i Vikaelva kraftverk skal kunne gå i august neste år, seier entreprenør Olav Hjelmeset. Hjelmeset A/S er ansvarleg for grøfter og rørlegging i prosjektet, og arbeidet med inntaket frå elva pågår for fullt eit lite steinkast nedanfor Tonningsetra.

Fredag var det full fart i gravearbeidet tett inn til Vikaelva. Store stein- og jordmassar vart plassert høgare opp i terrenget, massar som seinare skal nyttast til finpussing rundt inntaksdammen og langs rørgata.

Allereie på måndag skulle alt vere klart for at Dvergsdal og Sunde kunne starte opp med støypearbeidet av inntaksdammen.