Lasse Trosdahl tek over som midlertidig lensmann ved Stryn og Hornindal lensmannskontor, når Inger Lill Lanes går ut i eitt års permisjon frå nyttår.

Lanes skal jobbe eitt år som lensmann ved Gol og Hemsedal lensmannskontor, med funksjon som regionsleiar i region Nord i Nordre Buskerud politidistrikt. Trosdahl er i dag førstebetjent ved lensmannskontoret i Stryn og var vikarierande lensmann ein periode i 2012 då Inger Lill Lanes hadde permisjon for å jobbe i Oslo politidistrikt.