Det såg lenge lovande ut for Johannes Thingnes Bø på dagens jaktstart, men så kom ein lagkamerat med stigande formkurve og øydela for nok ein medaljesjanse.

Johannes gjekk ut som fjerdemann på dagens jaktstart under VM i Holmenkollen. Han opna godt og låg på andreplass etter ei feilfri første skyting. Men på det andre standplassbesøket kom to bom, og Bø falt heilt ned til 11. plass. Men tidsdifferansen fram til pallplassane var ikkje større enn at medaljehåpet framleis levde.

Det skulle det i aller høgste grad gjere etter dei neste to skytingane. Ut frå siste standplassbesøk hadde Bø avansert til tredjeplass med ein offensiv Emil Hegle Svendsen i ryggen. Der låg lagkameraten frå Trøndelag heilt til siste kneika opp til "Northug-flata". Då synte Svendsen gode, gamle takter og sette inn eit rykk som gav han dei nødvendige metrane på stryningen før oppløpet.

- Eg venta berre på at Emil skulle kome. Han er sterkare enn meg på slutten og er den beste i verdscupsirkuset på dette, uttalte Bø til NRK etter nok ein fjerdeplass.

- Eg ser på kun medaljar som bra nok, sjølv om to fjerdeplassar er veldig, veldig bra, seier 22-åringen. Han har derimot ikkje gjeve opp medaljehåpet enno.

- Eg må berre angripe på nytt og ser på alle løpa som medaljesjansar.

Tarjei tok det som ei treningsøkt

Fourcade vann igjen med klar margin, men synte også svakheitsteikn på den siste ståande serien der det vart to bom. Nok ein gang var det senior Bjørndalen som imponerte mest av dei norske. Ny sølvmedalje vart det på 42-åringen.

Tarjei Bø måtte gå eit nærast prikkfritt løp om han skulle ha håp om topplassering etter den skuffande 54. plassen, 2.09 minutt bak tet, på sprinten. Men dessverre vart det tre strafferundar og 31. plass på eldstebror Bø. Men han let ikkje for å deppe av den grunn og ser fram mot 20 kilometeren.

- Dette vart meir som ei treningsøkt for å ruste meg til dei neste løpa, uttalte Bø til NRK. Han følte jaktstarten gav greie svar.

- Eg får bruke dei neste dagane godt. Eg går greit nok på ski til å henge med trur eg, oppsummerte Bø.