I dag var det Johannes Thingnes Bø sin tur å vitje pallen då det vart gått jaktstart i Anterselva. Han la eit godt grunnlag på gårsdagens sprint, då han leverte eit monsterløp i sporet. Trass to bom var han berre 21 sekund bak teten før dagens løp.
Johannes viste på nytt imponerande langrennsform. Han gjekk ut som nummer åtte, og allereie på den første runden var mykje av forspranget på 21 sekund ete opp av stryningen.
Hadde det ikkje vore for strafferundane han pådrog seg utover i løpet hadde han kjempa om topplasseringa. Men tre bom heldt likevel til siste trinnet på pallen, og det etter ein forrykande kamp mot Martin Fourcade på sisterunda.
Johannes la ikkje skjul på at han sjølv var nøgd med skiformen.
- Eg gjekk sjukt bra på ski i dag, uttalte han til NRK etter løpet.
Tarjei Bø som vart nummer tre i går måtte sjå fem løparar passere seg på lista. Han skaut 18 treff, men fekk det tungt i sporet.
- Det var slitsomt, men det var ok poengsanking i alle fall, oppsummerte Bø til NRK.