Dette fantastiske bildet teke av Elias Sandbakk vekkjer stor oppsikt på nettet, der det har vore delt langt over 100 gongar på Facebook. På spørsmål frå Fjordingen fortel Sandbakk at bildet vart teke i samband med nattarbeid med asfaltering i Hoddevik på Stadlandet. – Vi kom akkurat ut då sola gjekk ned. Vi er heldige, får vere på alle plassar her i Sogn og Fjordane og arbeide. Vi får mykje fine sol opp- og nedgangar og sjå mykje fine bygder og plassar, i godt og dårleg ver! seier han.