– Veldig spennande å prøve seg på eit nytt felt, seier forfattaren, som er godt kjend i forlagsbransjen og mellom anna har samarbeidd med Brit Bildøen og Ingvar Ambjørnsen.

Via London

No skulle ein kanskje tru at vegen frå oppvekst i Stryn til nynorsk barnebok var kort. Men denne reisa gjekk faktisk via London.

Etter vidaregåande skule på Sandane og eit par år i hovudstaden vart det fire år på kunsthøgskule i London. Tilbake i Oslo fekk ho plass i illustrasjonskollektivet «Illustratørene». Der har ho halde til sidan, med virke innan illustrasjon, design og biletkunst, med hovudvekt på det første. Innimellom har ho også undervist på diverse kunstfagskular.

Større spelerom

Som illustratør har ho også jobba for forlagsbransjen.

– Og no var tida inne for eiga bok?– Veldig spennande! Når ein skriv teksten sjølv har ein større friheit og spelerom med illustrasjonane, sidan ein sit på heile ’produktet’ sjølv. Det er eigentleg ei naturleg utvikling hvis ein ynskjer å jobbe med bildebøker, seier Trude Tjensvold.

Kontrast

Boka handlar om guten Bo. Han trivst godt saman med mor si, men som flyttar heimanfrå etter at hunden Viktor har flytta inn. Boka har minimalistisk dialog og kraftige, fargerike bilde.

– Eg håpar dette opplevast som ein morosam kontrast, seier Trude Tjensvold. – Gode biletbøker fortel mykje gjennom bileta og ikkje berre i ord.

Assosiasjonar

– I boka blir heile tilværet til Bo snudd på hovudet når hunden Viktor flyttar inn. Her er det lett å få assosiasjonen til korleis born kan oppleve det å få eit nytt søsken? – Absolutt. Dette er vel det som ligg i grunnen på forteljinga. Størrelseskontrastane er av same grunn også sterkt overdrivne. Bo opplever at Viktor tek «veeeldig» stor plass der han før var einerådande. Det er mest nærliggande å tenkje nytt søsken, men situasjonen kan td også vere «mor har fått ny kjærast». Eg tenker at plottet kan ha parallellar til fleire situasjonar der både barn og vaksne kan kjenne seg igjen. Det å føle seg utfordra på «heimebane» er noko som kan opplevast skremmande for oss alle, og eg ønskjer å formidle at det er heilt OK å ha slike kjensler. Samliv med andre er trygt og godt, men ikkje utan utfordringar/ konfliktar. Det handlar og litt om å akseptere sine eigne og andres «særegenheter». Boka har og difor ein litt open slutt. Dei kjem heim att og det er godt, men alt blir ikkje rosenraudt av den grunn. Konflikten/ kontrasten mellom personlegheitene til Bo og Viktor vedvarer, sjølv om dei no har blitt vener.

Som klassisk eventyr

– Det er mange intertekstuelle peikarar til andre eventyr som born kanskje kjenner frå før? – Ja, og det er litt fordi eg tykkjer dette er morosamt sjølv, og litt fordi eg håper det er morosamt for lesarane – både dei store og små. Boka har jo klassisk form som eit eventyr, eventyr-talet tre er òg brukt, og i det landskapet eller dimensjonen er det vel heilt naturleg at vi kan komme til å møte på både den eine og den andre?