Stryn sitt herrelag i handball sikra seg laurdag ettermiddag årets første siger i 3. divisjon då dei slo Åsane 31-28 i Bergen. Ved halvtid var stillinga 16-10 til Stryn.

Kampen var jamnspelt første ti minutta, men Stryn drog i frå utover i omgangen og leda komfortabelt med seks mål ved halvtid.

Stryn såg seg ikkje tilbake i andre omgang og var ei stund oppe i ni-målsleiing, 22-13. Åsane sette i gang ein aldri så liten sluttspurt, men Stryn kontrollerte kampen inn til 31-28 siger.

Anders Eikenes vart Stryn sin toppscorar med åtte mål. Andreas Flo Tonning scora sju mål.

Søndag ventar ny kamp, då mot NHHI.