Båtmessa Sjøen for alle er i full gang. Og for nokre har messa fått ein pangstart:

Allereie før messa skikkeleg var opna, hadde John Olav Lefdal selt ei yacht til fleire millionar, ein 44 fots Riva Rivarama. Kjøpar av luksusbåten var investoren Bjørn Rune Gjelsten, fortel Dagens Næringsliv.

Lefdal, som er busett i Stryn, driv selskapet Dreamline Yachts. Firmaet har agenturet på båtane til italienske Ferretti Group, som mellom anna leverer det klassiske båtmerket Riva.