I dag og i morgon er det duka for stor bondesamling i regi av Storfeprosjekta i Sogn & Fjordane og på Sunnmøre. Samlinga finn stad på Hotell Alexandra i Loen, og har vorte møtt med svært stor interesse med heile 180 påmelde, opplyser arrangørane.
Ein av dei som skal vere innleiar er Knut Storberget, landbrukspolitisk talsmann i Arbeidarpartiet. Han skal ta føre seg temaet "Er det framleis plass til både store og små i norskmjølkeproduksjon?"
- Dettespørsmålet trur vi vil vakse utover i 2016, ikkje minst i sambandmed komande jordbruksforhandlingar. Dessutan er dette veldigaktuelt på Vestlandet med varierande bruksstruktur, seier arrangørane.
Eit anna tema på samlinga er ammekuproduksjon. Er det rom for ammekyr på Vestlandet, kva med økonomien i ammekuproduksjonen, og kva med bygningar for ammeku - nybygg eller ombygging?
Ei rekkje innleiarar vil ta føre seg desse og andre aktuelle tema.