- Utbygginga av Stryn omsorgssenter er i rute. VI ligg godt an med tanke på at alt skal vere ferdig innan 31. mai 2016, opplyser Rune Øiestad i HS Bygg til Fjordingen.

200 millionar kroner er prislappen på Stryn kommune sitt største byggjeprosjekt nokon gong.  Det inkluderer ombygging/rehabilitering av eksisterande langbygg og to nye fløyar med til saman 40 rom, kjøkken, lager m.m.

- Austfløyen og ombygginga av langbygget skal vere ferdig til 31. januar 2016, fortel Rune Øiestad.

Vestfløyen reiser seg. For tida er mellom 25 og 30 personar i arbeid på Stryn omsorgssenter. Foto: Harald Vartdal

I byggjefasen som ein no går inn i, vil dagsenteret for nokre månader bli flytta til Betania. Kommunen har også leigt kjøkken på Stryn vidaregåande skule i påvente av at langbygget/austfløyen blir innflyttingsklar om litt over fem månader.

Vestfløyen reiser seg. For tida er mellom 25 og 30 personar i arbeid på Stryn omsorgssenter. Foto: Harald Vartdal