"Les nynorsk med Donald" er no å få kjøpt i butikkane.

- Det erutruleg kjekt at det no kjem eit Donald Duck-hefte dedikert tilnynorsk, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. Ho ogMållaget sette i gang ein Facebook-kampanje for eitt år sidan medtittelen: Nynorsk i Donald? Ja takk, etter at ein avDonald-karakterane snakka nynorsk i ei historie. Over 2000 har liktsida, og i organisasjonen har det vore eit stort engasjement for åfå lese Donald Duck på nynorsk. - Donald Duck-utgjevar Egmont skrivi føreordet til bladet at dette gjer dei for å syna kor interessantdet er med våre to målformer. Det fortener all heider og er meirenn me kunne håpa på då me starta kampanjen, seier Marit AakreTennø.

- Det finst nesten ikkje teikneseriar på nynorsk for ungar.Donald Duck er eit svært populært blad og at dei no gjev ut tonynorske historier i same hefte, gjer det mogeleg for norske ungarå få lesa litt meir nynorsk, seier Marit Aakre Tennø.

- Me håparmed dette at det ikkje går 30 år til neste gong det kjem nynorsk iDonald, men at nynorsken kan finna ein plass i Donald, slik han harelles i samfunnet, seier Tennø Det er ikkje fyrste gongen det kjemDonald Duck-hefte på nynorsk. Men det er litt utanom det vanlege ibladhyllene.

Eit eige Donald Duck-hefte på nynorsk har ikkje vortelaga sidan 80-talet. Det siste året har det kome bokmålshistoriermed nokre nynorskinnslag. Det nye heftet "Les nynorsk med Donald"inneheld den kjende historia Eggemysteriet, der firkantfolketsnakkar Vossamål, pluss to seriar berre på nynorsk, skrivne av OlafSolstrand. Han skriv til vanleg nynorsk, og har no for fyrste gongfått lov å få sine eigne seriar på trykk på nynorsk i bladet. Itillegg har bladet ein artikkel av språkprofessor Rolf Theil ogKjartan Helleve, redaktør i Norsk Tidend, avisa til Noregs Mållag.