Helse- og sosialutvalet i Stryn gav Oktoberfesten løyve til å servere alkohol under arrangementet 18.og 19. september. Etter framlegg frå Aud Løvlid (H) vart det teke inn eit punkt som presiserer kravet om eit godt alkoholfritt tilbod. Dette blir no lagt inn som standardformulering når Stryn kommune innvilgar skjenkeløyve.

- Tilbod om godt, kaldt alkoholfritt øl er like viktig som anna øl, hevda Aud Løvlid. Som sjølv hadde vore på arrangement der ho måtte leite seg fram etter alkoholfri drikke.

- Ja, det har også eg opplevd på arrangement der eg har køyrt bil, opplyste Jan Træen (Ap).

- Det skal vere eit likeverdig alkoholfritt alternativ, understreka Anders Magne Vik (Frp).

Eit samrøystes utval vedtok punktet der Stryn kommune minner om kravet til å føre eit rimeleg utval av alkoholfrie drikkar og ha desse med i prislister m.m.